Norge og Sverige gjennom 200 år. Første del. Union og demokrati dei sameinte rika Noreg-Sverige 1814-1905
Beskrivelse
I historieskrivinga er unionen mellom Sverige og Noreg ofte blitt skildra som om 1905 var førprogrammert i 1814. Som i eit grest lagnadsdrama har stiliseringa skapt helta, antiheltar og skurkar. Siktemålet med denne boka er verken å skape nye heltar, skurkar og antiheltar eller å gi definitive svar på dei historiske stridsspørsmåla. Men ved at ein stiller desse spørsmåla, grev ein fram frå historia ein annan union enn den som var fødd med sin eigen undergang. Forfattaren prøver å opne auga for alternativa i historia, dei alternativa som heile tida fanst der, men som av ulike årsaker aldri blei realiserte.
I boka blir unionen behandla ut frå tre perspektiv:
1. Samanhengen mellom økonomisk og politisk integrasjon, som blei særleg tydeleg med det proteksjonistiske gjennombrotet i Sverige mot slutten av 1880-åra. Grensene for liberalismen blei også grensene for unionen.
2. Den geopolitiske situasjonen for unionen og kva utanrikspolitikken dermed fekk å seie, og samanhengen mellom dei utanrikspolitiske og innanrikspolitiske sakene.
3. Ei jamføring med den europeiske unionen på 2000-talet.
Bo Stråth har sidan 1997 vore professor i samtidshistorie ved Europa-universitetet i Firenze og var i 1990-1996 professor i historie ved universitetet i Göteborg.
Det andre bindet av tobindsverket om relasjonene mellom Noreg og Sverige, er Francis Sejersted: Sosialdemokratiets tidsalder. Norge og Sverige i det 20. århundre.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 738 s.
- ISBN
- 82-530-2752-4 (ib.) : Nkr 790.00, 82-530-2772-9 (kpl.)
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig | |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |