Løynde ting : dikt for born
Bok
Ledig

Løynde ting dikt for born

Løynde ting : dikt for born
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2014

Beskrivelse

Om denne boka skriv Einar Økland: "Eg tykkjer denne barneboka er konsekvent og gjennomført både når det gjeld tematikk og stil. Heile boka dreiar seg om å vere still og roleg og leggje merke til dei nære dyra, plantane, årstidsvekslingane ikring seg - og å tenne gleda og undringa over det som er her og som foregår heile tida, men som mange ikkje legg merke til eller bryr seg om. Og språket og språkføringa er like roleg og stillferdig som emnet tilseier. Her er ingen eksotikk i motiva og her er inga kvikk tilgjerdsle i språkføringa. Alt slikt ville forstyrre. Språket er kortfatta og nøkternt, nesten prosaisk, men det er nedkorta til det nærpå minimale. Og ser ein etter, ser ein at det som seiest så enkelt og konstaterande, korkje er barnsleg eller vaksent. Dikta er forma slik at dei viser noko, tydeleg og enkelt, slik at det kan oppfattast i fellesskap både av eit barn og ein vaksen. Dette store atterhaldet når det gjeld å gi avkall på poetisk snurrighet, artige formuleringar og anna distraherande artisteri, denne enkle og stillferdige tilnærmingsmåten, er gjennomført med kunstnarleg formsans og vilje. Truleg ut frå ei økopolitisk grunnhaldning: Forfattaren vil ikkje forstyrre dei naturelementa han ønskjer skal vere i fred med høge tilrop i form av litterære fakter. Han vil heller ikkje posere som meister i å vere knapp. Han vil berre antyde, berre vise, berre dele sansen for dei løynde innslaga i nærmiljøet. Eg tykkjer altså dette er vakkert og vellykka. Seriøst og gjennomført, men ikkje agiterande, forkynnande, trugande, påståeleg el. l. Slik kunne eg halde fram. Boka er omsett i eit fast og upåfallande norsk tonelag. Sikkert heilt i stil med tonen i originalteksten. (-) Det kunne også seiast mykje fint om den fellesskapen eller samværskjensla mellom vaksen og barn som er til stades i diksjonen her i boka. Boka kan truleg både lokke barnet til å bli med ein vaksen ut i skogen og til å sitje saman med den vaksne og lese tekstene inne i huset. Og så kan boka lesast av vaksne i einslege stunder."

Flere opplysninger

Medvirkende
Kaldestad, Per Olav (oversetter)
Sjanger
Dikt, Dikt
Opplysninger
Alder: 6-12 år, God, leselig skrift
Passer for
Fra 6 til 13 år
Antall sider
73 s.
ISBN
978-82-92899-16-8 (ib.) : Nkr 300.00
Form
Dikt

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Midtbygda Barneavdelingen Dikt Ledig
Slemmestad Barneavdelingen Dikt Ledig
Tofte Barneavdelingen Dikt Ledig