Fuglane
Beskrivelse
Fuglane er ei underleg rik og levande bok, boren av djup medkjensle og med innslag av vemodig humor som tek brodden av alt det såre. På botn er det ein psykologisk roman, men i det ytre ei enkel forteljing om eit livets stebarn med veik hjerne, som utan dei andres stønad står hjelpelaus og verjelaus mot verda.
Mattis og systera Hege har gått saman i mange år i ei lita stove attmed sjøen. Mattis finn ut at han vil gjere nytte for seg som ferjemann. Den første passasjeren, ein tømmerhoggar, slår seg til i huset hos dei. Nå er ikkje Mattis lenger åleine om kjærleiken til systera, og lyttaren følgjer kampen om henne med spaning medan forteljinga toppar seg mot klimaks.
Mange reknar Fuglane som hovudverket til Vesaas. Sjølv har Vesaas sagt om Mattis at han er "eit sjølvportrett med visse atterhald".
Tarjei Vesaas les sjølv Fuglane - i eit arkivopptak frå 1967. Av dei ti programma NRK laga den gongen, er det fjerde bortkome. Det har difor Olav Vesaas lese på nytt.
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Vesaas, Tarjei (innleser)
- Medium
- 4 kompaktplater (4 t, 35 min)
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | cd-lydbok | Ledig |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |