Lydbok
Ledig
Bibelen 2
av
Kalvø, Are
Beskrivelse
Forlaget skriver om denne boka:
Bibelen 2 er historia om då Jesus kom tilbake til ein hotellresepsjon på Lørenskog, fortald av dei som møtte han, dei som påstod at dei møtte han, dei som intervjua han og dei som arbeidde som rådgivarane hans.
Lyden av Jesus
Bibelen 1 hadde fleire manglar og feil: Unødvendig tjukk. Trykt på upraktisk sigarettpapir. Full av urealistiske historier. Mykje av dette blei retta opp då Bibelen 2 kom ut i mars 2001. Dette var ein bibel det var mulig å komme gjennom på ei helg, og ein bibel det gjekk an å forstå for dagens menneske.
Bibelen 2 gav dessutan svar på ein del store spørsmål. For eksempel spørsmålet om korleis Jesus ser ut i våre dagar. Og spørsmålet om korleis farisearar eigentlig ser ut. Dette veit vi takka vere Steffen Kvernelands illustrasjonar. Nokre av dei finn du også i dette heftet. Bibelen 2 er den einaste bibelen Kverneland har illustrert. Han var direkte uvillig til å bidra då arbeidet med Bibelen 1 begynte for eit par tusen år sidan. Men framleis finst det spørsmål som skrik etter svar.
For eksempel:
Korleis snakkar Jesus?
Har han pipestemme? Er han hås (Han har tross alt snakka i 2000 år)? Er han nordlending? Kan han synge?
Eg møtte ein gong ein personlig kristen som hevda at ho rett som det var snakka med Jesus. Eg spurte, som naturlig er, kva dialekt Jesus snakkar.
Det visste ho ikkje!
Dette viser kor sløve dei kristne har blitt i våre dagar. Når dei først kjem i kontakt med guten sjølv, så høyrer dei faktisk ikkje etter. Dei er vel fornøgde med å ha oppretta kontakt. Dette betyr også at det godt kan hende at Valgerd Svarstad Haugland spør sin herre før ho uttaler seg om homofili. Ho høyrer berre ikkje etter når han svarer.
Slikt sløvsinn skal det bli vanskelig å sleppe unna med når Bibelen 2 no er å få som lydbok.
Her får du høyre skodespelaren Henrik Mestad tolke rolla som Jesus slik rolla som Jesus skal tolkast. Her får du høyre skodespelaren Ingrid Jørgensen tolke kvinnene rundt Jesus slik kvinnene rundt Jesus skal tolkast. Her får du høyre Espen Beranek Holm og underteikna i roller som er så små at ein kan klare dei utan skodespelarutdanning.
Kort sagt: Her får du svara.
Så det er berre ein ting å seie: Høyr etter denne gongen då.

Are Kalvø
Flere opplysninger
- Medium
- 2 kompaktplater (2 t.,13 min)
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Slemmestad | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |