Bok
Ledig
Munn mot ein frosen fjord roman
Beskrivelse
Munn mot ein frosen fjord
Presis og poetisk debutroman.
I ei forteljing som synest å fylgja draumen sin logikk, fortel Inger Bråtveit med eit presist, lyrisk språk om ei jente sin fantasifulle leik for å halda røynda saman. Bestefar passar på bestemor. Bestemor syng amerikasongen og minnest berre det som hende for lenge sidan. Slik jenta pendlar mellom foreldra og besteforeldra, krinsar historia mellom ulike lag av røynd og minne. Då er det ei merkeleg verd som opnar seg. Ei verd som vert ein draum full av fjører, hundar og hoppande kaninar. "Ein dag vart døra til rommet hennar stengt. Ein dag kom ein vind og bretta lappen saman. Bestemor gjekk med ein lapp i handa der alt stod ... Fuglen seier det er noko han vil fortelja. Fuglen seier han har sterke saker på hjarte og seier det er syster mi det gjeld. Fuglen seier han veit kva eg drøymer og at draumen er falsk. Eg skal tørka vekk den falske draumen din ein gong for alle og fuglen fortell at alt er feil. At draumen eg drøymer er falsk og feil og aldri vert sann." Inger Bråtveit (f. 1978) studerer teatervitskap ved Universitetet i Bergen og er frilansar i Dag og Tid. Ho vart kåra til Årets debutant 2002 av forfatterne. net.

Flere opplysninger
- Sjanger
- Romaner
- Antall sider
- 122 s.
- ISBN
- 82-10-04761-2 (ib.) : Nkr 249.00
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |