Bok
Ledig
Ein tysk soldats dagbok frå krigen i Nord-Norge
Beskrivelse
Presten Johannes Martin Hennig frå Hamburg var 42 år gammal då han vart utskriven til Wehrmacht og i mars 1944 send til Nord-Norge. Hennig var ikkje i frontteneste, hans oppgåve var å vakte dei russiske krigsfangane som arbeidde på Nordlandsbana.
Hennig var svært overvelda av norsk natur og tok ei rekkje foto den tida han var her, frå fangeleiren, bygging av jernbana og bygda rundt. Han skriv om dramatisk flukt frå krigsfangeleiren i Kalvik, om overfall, og om den tyske tilbaketrekkinga frå Finland i 1944-45 då ein endelaus straum av soldatar, hestar og bilar reiste forbi langs Riksveg 50.
Boka er redigert ut frå dagboka hans og brev som han skreiv til kona og barna. Nokre av breva vart ikkje sende, fordi innhaldet kunne kvalifisere til dødsstraff for Wehrkraftzersetzung (svekking av kampmoralen). Ein nordmann gøymde breva og sende dei til Hennig etter krigen. Det eksisterer ikkje mange tyske skildringar av okkkupasjonen i Norge, og slik sett er dette ei spesiell bok.
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Nøkleby, Berit (redaktør)
- Antall sider
- 189 s.
- ISBN
- 82-521-6113-8 (ib.) : Nkr 298.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |