Det nynorske blikket
Beskrivelse
Glimt frå barndom og oppvekst tener som opplysande bakgrunn for ein stilsikker forfattar som myndig held tak i både dei lange linjene og dei meiningsberande detaljane. Med entusiastiske skråblikk ser forfattaren mangt som andre ikkje har lagt merke til. Undrande framhevar han slikt som ikkje alle ser seg tente med å snakke om eller bli minte om. Jamvel tabellar og figurar blir til overtydande og underholdande belegg, og her og der skriv han små historier inn i dei store.
Ottar Grepstad nyanserer og fornyer bilete av fleire profilerte nynorskbrukarar, og endevender tallause kjelder for å kunne gi sin versjon av handlingar og aktørar som til no har vore ukjende. Slik kjem lesaren tett på enkeltpersonar, institusjonar og miljø som har prega dette landet dei siste 150 åra - til dømes Arne Garborg og Peder Hovdan, Johs. Andreaa og Berge Furre, Askerkretsen og kaffistovene. I det avsluttande essayet inviterer forfattaren til ei kulturhistorisk detektivjakt etter avisredaktøren Lars Stavnheim.
Det nynorske blikket er ei uvanleg kombinasjon av ei personleg essaysamling og ein rikhaldig og overveldande kunnskapsbase for norsk kulturhistorie.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 575 s.
- ISBN
- 82-521-6036-0 (ib.)
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig |