Bok
Ledig
Spor av dine eigne foreldre som nøkkel til sjølvinnsikt
Beskrivelse
Forlaget skriver om denne boka:
Kunnskap om korleis foreldra dine har påverka deg kan hjelpe deg til å utvikle eigne sterke sider, og til å løyse problem som dei svake sidene fører med seg. Hans Olav Tungesvik skriv om korleis foreldre påverkar - både på godt og vondt, og om barndommen som årsak til problem som kan melde seg først når ein er femti år. Han skriv om å ta ansvar for den ein vil være - sjølv om ein må leve med den foreldra har gjort ein til.
Til vanleg er det forholdet mellom ektefeller og samspelet mellom dei og borna som er det sentrale i samband med familiebehandlig. Nyare forskning viser at det ikkje er dei emosjonelle banda mellom ektefellene som er dei sterkaste i familien. Sterkast er derimot dei usynlege lojalitetane mellom dei som er knytte saman med blodsband. Det er band som er endå meir forpliktande enn band som byggjer på kjærleik og løfter.
Blodsband er sterke og alvorlege saker, og særleg når dei blir supplerte med usunne psykologiske bindingar. Skal kjærleiksband sigra når blodsbanda gir destruktive utslag, syner breid erfaring at ein treng aktiv oppbakking og i mange tilfelle fagleg hjelp for å få eit godt liv.

Flere opplysninger
- Antall sider
- 108 s.
- ISBN
- 82-476-0277-6 (ib.) : Nkr 248.00, 82-476-0290-3
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |