Krig og løgn : drama i ti akter
Bok
Ledig

Krig og løgn drama i ti akter

Krig og løgn : drama i ti akter
Språk:
bokmål
Utgitt:
2003

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka: Svien sit litt stikkande i halsen, eller er det angsten? Vi skal heve den høgre armen om vi reddast ut. Gassen siv imot oss; ei grå, trugande sky. Eg prøver å sjå dei maskekledde skyggane ved sida av meg om dei reagerer. Inne i gassmaska er det dårleg med sidesyn, hetta over der igjen gjer det ikkje bedre; vernedrakta er klumpete og tung å i.
Slik opplever Sigrun Slapgard overlevingskurset for krigsreporterar hausten 2002. Treninga til ein varsla krig i Irak er i gang. Var krigen mot Irak basert på løgn? Og var påstanden om ulovlege våren den største løgna? Mediene var tildelte ei hovudrolle både i oppspelet til krigen og undervegs. Krigsreporterar vart innrullerte hos framrykkande soldatar, halvannan million kroner og Hollywood-design vart brukt på podiet for pressebriefingar i sentralkommandoen i Qatar. "Sanningas plattform" var namnet generalane gav dette podiet. Sigrun Slapgard skriv historia om journalistanes krig sett frå innsida av vår største fjernsynsredaksjon, og avslører løgnenes spel i den hittil mest medieførte krigen vi har sett. Dette er også ei personleg forteljing om krigens drama. Sigrun Slapgard rapporterte frå Qatar, men tar og opp dei løpande presseetiske dilemma i krigsdekninga.

Flere opplysninger

Antall sider
264 s.
ISBN
82-05-31632-5 (ib.) : Nkr 299.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig