Mitt liv var draum : ein biografi om Olav H. Hauge
Bok
Ledig

Mitt liv var draum ein biografi om Olav H. Hauge

Mitt liv var draum : ein biografi om Olav H. Hauge
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2004

Beskrivelse

Forfattaren og gjendiktaren Olav H. Hauge (1908-1994) debuterte først i 1946 og gav i alt ut sju eigne diktsamlingar. Han budde nesten heile livet i Ulvik i Hardanger, og fylte 70 det året han gifta seg. "Gartnaren i Ulvik" blei ei levande legende og mykje av ein kultfigur for forfattarar, litteratar og talrike lesarar og han er omsett til nær 30 språk. Han har framleis ein særeigen posisjon i norsk litteratur og blir dyrka av kresne kritikarar samstundes som han er ein av landets mest folkekjære lyrikarar. Mellom 122 foto i denne biografien er der over 100 hittil utrykte av Olav H. Hauge.

"Vi er ingenting, det vi søkjer er alt," skreiv Olav H. Hauge ein gong.

Det han søkte, og frirommet han fann, var litteraturen. Litteraturen gav han det livet han ikkje fann i den verda som av dei fleste blir kalla den verkelege.

Det var eit lese liv, difor var det eit levd liv, difor var kvar samtale om litteratur ein samtale om livet, difor var oppgåva ikkje å gjera livet til draum, men draumen til liv.

KNUT OLAV ÅMÅS (f. 1968) har skrive den første biografien om Olav H. Hauge. Det er blitt ein annleis biografi om eit annleis liv.

Flere opplysninger

Antall sider
715 s.
ISBN
82-521-5752-1 (ib.) : Nkr 428.00, 82-525-4579-3

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig