For så høgt har eg elska roman
Beskrivelse
Tru, tvil, kjærleik og hypokondri.
Dagen er endelig kommen. Med sveittetokter, ein drastisk upålitelig mage og galopperande hypokondri ventar Johannes på at Ho Han Elskar skal komma heim, ho som i to månader har tatt seg ein pause frå Johannes og alt han står for. Men inga Maria dukkar opp til avtala tid, og Johannes sjølv meir enn aner kva som er på ferde når han dagen etter får ei melding frå henne: Ho vil vera i fred. Men vil ho det? Johannes har elska Maria så lenge han kan hugsa. Han tømmer må-absolutt-aldri-rørast-kontoen og legg ut på ei desperat leiting som fører han tilbake til hjarta av Amazonas, der det heile starta for lenge sidan. Johannes er ein relativt nevrotisk, men langt frå sjølvhøgtidelig mann som blir driven av ytterliggåande hypokondrisk angst, inderlig religiøs tvil og ein uunngåelig, men umulig kjærleik.
For så høgt har eg elska er ein av vinnarane i Gyldendals konkurranse om beste kjærleiksroman 2003.
Flere opplysninger
- Sjanger
- Romaner
- Antall sider
- 367 s.
- ISBN
- 82-05-33236-3 (ib.)
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Ledig |