Mors og fars historie
Beskrivelse
- Mamma, elskar du han pappa? spurde eg mor ein gong i min fjerne barndom. Vi var i kjøkkenet heime på garden i ei lita bygd på vestkysten av Norge, det var vinterkveld. Veggene på kjøkkenet var blå, taklampa lyste, det var mørkt utanfor vindauget. Mor skramla med koppar og kar, ho rydda bort etter kveldsmåltidet. I alle år var det på same måten: Ved nitida om kvelden var fjøsstellet unnagjort, kyrne var mjølka og hesten hadde fått stell. Mor var komen inn for å avslutte dagen.
Kanskje var eg seks år gammal. I så fall var årstalet 1955. Eg hadde oppdaga at det var noko som heitte å elske, og eg tenkte på kva det kunne vera. Når eg endeleg våga å fritte ut mor, var eg spent, for eg visste ikkje om ho ville bli sint. Men eg ville vita kva som låg i eit så rart ord, og eg ville sjå på ansiktet hennar når eg spurde.
Flere opplysninger
- Sjanger
- Romaner
- Antall sider
- 206 s.
- ISBN
- 82-495-0365-1 (ib.)
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Utlånt |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |
Asker | Voksenavdelingen | Utlånt til 02.12.2024 | |
Midtbygda | Voksenavdelingen | Ledig | |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Utlånt til 02.12.2024 | |
Slemmestad | Voksenavdelingen | magasin | Utlånt til 03.12.2024 |
Tofte | Voksenavdelingen | Utlånt til 06.12.2024 |