Viljen til språk ei nynorsk kulturhistorie
Beskrivelse
Den viljen til språk som har prega arbeidet for nynorsk, har fått mykje å seie for norsk språk og kultur allment og for demokratisering av både samfunn og språk. Dette er den første samla framstillinga av den nynorsk kulturhistoria i éi bok av éin forfattar, gjennom 1500 år fram til dagens www og sms.
Med språkleg stilsikker skreddarsaum viser Ottar Grepstad korleis aukande lese- og skrivekunne har danna grunnlaget for språkleg og kulturell demokratisering. Han reviderer språkhistoria på viktige punkt, legg særleg vekt på dei meiningsdannande miljøa blant nynorskbrukarane, avdekkjer ukjende sider ved hisoria til målrørsla og gir kvinnene den plassen i målrørsla som så ofte er blitt oversett.
På unikt vis har forfattaren supplert den historiske framstillinga med Nynorsk margleksikon, der 150 profilerte personar og institusjonar blir presist omtalte med råkande karakteristikkar. Seks kvinner og seks menn har skrive korte, grunngitte spørsmål som avsluttar dei tolv kapitla.
Boka dokumenterer språkpolitiske stortingsvedtak 1851-2005 og inneheld komplette oversyn over styreleiarar og daglege leiarar i sentrale intitusjonar og organisasjonar. For Noregs mållag er også alle styremedlemmer gjennom hundre år med.
Her er god plass til lesarens undring, men ingen lesar veit alt som står her fra før, og mange av dei nesten 400 illustrasjonane blir viste for første gong.
Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har i lang tid samla faktatrådar og spent opp den historiske renninga med alskens emne som har å gjere med nynorsk språk og kultur. I denne boka står veven fram i heile si fargerike breidd.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 317 s.
- ISBN
- 82-521-6654-7 (ib.) : Nkr 349.00, 978-82-521-6654-5
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig | |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Ledig |