Brakk roman
Beskrivelse
Brakk er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga (2003).
Geir er nitten år og faren er død. At faren er borte og garden seld, har gått sterkt inn på Geir. For å gjenopprette den uorden som er skapt og for å føre farens arbeid vidare, har han kjøpt eit lite småbruk der han driv med sau. Mora vil heller at han skal koma seg vekk frå garden og skaffe seg ei utdanning mens han enno er ung.
Geir må til slutt konfrontere seg sjølv med eit val som for han er eksistensielt: Skal han levere alle dyra og avvikle drifta, eller skal han berre levere dei slakteferdige og halde fram?
Brakk er ei sterk skildring av eit menneske som lever i ein grensetilstand mellom fortid og notid, og mellom opplevinga av seg sjølv og bildet av ein annan. Det er også eit nært bilde av dei skiftande årstidene, arbeidet som følgjer med og det samspelet med naturen som gardsdrifta inneber.
Flere opplysninger
- Sjanger
- Bygdefortellinger, Romaner
- Antall sider
- 178 s.
- ISBN
- 8252165214
- Form
- Roman