Den største diamanten i verda (kriminelle lidenskapar) skodespel
Beskrivelse
GREGORY MOTTON (f. 1961) er engelsk-irsk dramatikar og omsetjar, busett i London. Han har skrive ei rad stykke, som er omsette til blant anna svensk, finsk, tysk og portugisisk, og han har blitt mykje spelt i Frankrike. Motton har og omsett ei rad stykke av blant andre Georg Büchner og August Strindberg, og han har omsett Jon Fosse, som i sin tur har omsett Mottons siste stykke, Den største diamanten i verda. Dette stykket hadde urpremiere på Royal Court hausten 2005.
Ei kvinne besøker ein mann i huset hans. Han er eldre og sjuk, ho noko yngre. I løpet av stykket blir kjærleiksforholdet som har vore mellom dei to bretta ut. Det tok slutt for lenge sidan, men er der mellom dei enno. Begge skuldar den andre for å ha svikta kjærleiken, og tilskodaren følgjer møtet mellom dei som ein maktkamp om kven som har elska mest.
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Fosse, Jon (oversetter)
- Sjanger
- Skuespill
- ISBN
- 82-521-6813-2 (h.) : Nkr 199.00, 978-82-521-6813-6
- Form
- Skuespill
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |