Bok
Ledig
Vals til tusen gammaldansmusikken gjennom 200 år
Beskrivelse
Mange, mange i vårt land er glade i å høyre på og danse til gammaldansmusikk. Og det er ikkje minst av kjærleik til denne musikkforma at Arild Hoksnes no har skrive «historiebok» om ein musikk som mange har stempla som mindreverdig. Han har prøvd å finne røtene til gamle dansemelodiar som kom hit til landet ein gong på slutten av 1700-talet. Det eksperimentet førte han til Salzkammergut i Austerrike.
Midt på 1800-talet gjorde Fant-Karl og Loms-Jakup ein stor innsats i å spreie denne musikken på bygdene. Etter dei to, via Anders Sørensen og Per Bolstad, står det fram ei rad med gode spelemenn, fram til Oddvar Nygaard og Arnt Haugen i vår tid. Musikken og dansen fengde. Det var først og fremst vals, men også masurka, polka og reinlendar.
Boka er rikt illustrert, og Hoksnes har funne fram til mange interessante bilete frå gamle dagar.
Mykje av musikken som er omtala i boka, kjem samtidig ut på Kirkelig Kulturverksted, som LP-plate, kassett og CD.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 144 s.
- ISBN
- 8252129056 (ib.) : Nkr 188.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Musikkavdelingen | magasin | Ledig |