Mitt milde vesen roman
Beskrivelse
Det lyser ikkje lenger frå drivhusa på Lauvstad. Mor til Johanne er på sjukeheimen, og har i flere månader nekta å snakke med dottera. Faren forsvann sporlaust for lenge sidan.
Kvifor er mora så sint? Kva skjedde med faren? I eit forsøk på å forstå livet til foreldra, trenger Johanne også inn i mørkare lag av sitt eige ekteskap. Aleine i dei tomme husa og det nedlagte gartneriet på Lauvstad kan ho endeleg konfrontere si eiga skam, sin aggresjon og trass. Er det mogelig å leve samen etter svik og utroskap?
I ein prosa full av rytme og rørsle spelar eit mørkt familiedrama seg ut, i ei rik og frodig vestlandsbygd som kan skryte av tidenes første vikingfestival, ein paradisisk hage, ein kjær bygdediktar, og ein sjelden manet som pulserer og lyser lengst nede på botnen i den djupe fjorden.
Mitt milde vesen er ein roman om lyset i mørkret og demonane som bur i oss alle.
Flere opplysninger
- Sjanger
- Romaner
- Antall sider
- 207 s.
- ISBN
- 82-521-6915-5 (ib.) : Nkr 299.00, 978-82-521-6915-7
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |