Den teksta versjonen : amerikanisering og modernitetens intellektuelle
Bok
Ledig

Den teksta versjonen amerikanisering og modernitetens intellektuelle

Den teksta versjonen : amerikanisering og modernitetens intellektuelle
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2006

Beskrivelse

Heilt frå starten har Amerika vore eit problem for europeiske intellektuelle. Dei siste hundre åra har dei frykta at Europa vert utsett for ei "amerikanisering". Men kva legg dei eigentleg i det? Og korfor er Amerika så farleg?

Stephen J. Walton undersøkjer i denne boka ideen om amerikanisering, mykje gjennom franske auge. Det er i Frankrike dei har vore mest opptekne av utfordringa frå Amerika. Førestillinga om at vi er blitt amerikaniserte er likevel felles for europeiske intellektuelle, og har også utvikla seg til å verte ei allmenn oppfatning.

Framstillinga går frå dei første som skjegla til Amerika på 1700-talet, over Tocqueville til kjende intellektuelle på 1900-talet som Sartre, de Beauvoir og Baudrillard, og sluttar med amerikadiskursen etter den 11. september 2001. Men moderniteten tok dei intellektuelle til å oppfatte seg sjølve som offer for eit ustoppeleg og overmektig Amerika. Korleis kunne dei da fungere som vegvisarar for eit folk som etter kvart hadde gitt seg den amerikanske kulturindustriens utopiar i vald? Og ikkje minst: Hadde dei intellektuelle eit poeng? Har styresmaktene i USA verkeleg brukt kulturen til å støtte oppunder eit verdsomspennande hegemoni?

Den teksta versjonen gir svar på desse spørsmåla, og følgjer forteljinga om amerikaniseringa inn i den globaliserte samtida vår. Som forfattaren sjølv seier det: "Globalisering er amerikanisering utan fast adresse."

Flere opplysninger

Antall sider
470 s.
ISBN
82-521-6943-0 (ib.) : Nkr 389.00, 978-82-521-6943-0

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig