Amerikabrevet: Europa i fare
Bok
Ledig

Amerikabrevet: Europa i fare

Amerikabrevet: Europa i fare
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2007

Beskrivelse

VESTENS VERDIAR UNDER PRESS

Islam er på frammarsj. Målet til det militante og imperialistiske islam er verdsherredøme. Den første etappen er å presse Europa til å bli eit Eurabia. Metoden er ikkje lenger hærstyrkar, men ein kombinasjon og olje, emigrasjon, fødselstal, utnytting av demokrati og toleranse, trugsmål, kulturelt press, grenselaus terrorisme og tusenårig tålmod.
Europa er forvirra, har ikkje noko samlande føremål, låg motstandskraft, forgubbing og ein integrasjonspolitikk som ikkje virkar. Innsatsvilje og religion blir erstatta med feriekatalogar og fotball. Ytringsfridomen går i retning sjølvsensur. Den euro-arabiske dialogen er eit sjølvbedrag. "Brubyggingstiltak" har lite for seg så lenge det er einvegskøyring på brua.
Forfattaren meiner USA er den einaste makta som kan sikre dei frie nasjonane i verda. Han drøftar den galopperande anti-amerikanismen i Europa, eit fenomen som har utvikla seg trass i at USA er vår garantist for fred og fridom. Anti-amerikanske søvngjengarar ser ikkje at dersom USA går dukken, vil Europa sjølv følgje i dragsuget.
Hallgrim Berg går kraftig mot den internasjonale venstreradikalismen som utan stans framstiller vrengebilete av det faktiske Amerika. Han tek fatt i både fransk og norsk dobbeltmoral med slåande eksempel. FN er eit upåliteleg orakel. Eit nytt hårreisande fenomen i Europa er alliansen mellom venstresida og det ekstreme islam: Sosialistane omfamnar den reaksjonære islamske fascismen!
Demokratiet og menneskerettane er no utfordra av omfattande og beinharde totalitære krefter. Det einaste håpet for den vestlege kulturen og vår livsstil er eit tettare og meir tillitsfullt samarbeid mellom dei europeiske nasjonane og USA.

Flere opplysninger

Antall sider
168 s.
ISBN
978-82-92395-34-9 (ib.) : Nkr 270.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig