XU i hemmeleg teneste 1940-45
Beskrivelse
I hemmeleg teneste 1940-45
Ny utgåve av boka om XU, den største og viktigaste norske etterretningsorganisasjonen under andre verdskrigen. Denne djupt hemmelege organisasjonen kartla i detalj tyske anlegg og troppar i det okkuperte Norge, og hadde fleire agentar inne i Hitler-Tyskland. Ein av dei, Sverre Bergh, avslørte utviklinga av banebrytande tyske rakettvåpen (V2) og leverte sentrale rapportar om det nazistiske atomvåpenprosjektet.
XU skulle vera usynleg, men aktiviteten var dramatisk: falske identitetar, giftampullar til sjølvmord, celleoppbygging for å unngå at alt rakna under tortur, utvikling av geniale kodesystem og metodar for mikrofotografering. XU lukkast så godt med det hemmelege spelet at organisasjonen er lite kjent i Norge, trass i at den fekk internasjonalt ry.
Boka kom første gong ut i august 1995. I den nye utgåva blir det lagt fram opplysningar som styrkar påstanden til den amerikanske historikaren Arnold Kramish: «XU var den best organiserte og mest produktive etterretningsorganisasjonen som opererte under den andre verdskrigen.»
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Sæter, Svein (medforfatter)
- Antall sider
- 328 s.
- ISBN
- 978-82-521-6998-0 (ib.) : Nkr 349.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig |