Rasmus Løland : barnebokpioneren frå Ryfylke
Bok
Ledig

Rasmus Løland barnebokpioneren frå Ryfylke

Rasmus Løland : barnebokpioneren frå Ryfylke
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2007

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka: Rasmus Løland (1861-1907) frå Hylsfjorden i Ryfylke er ein pioner i norsk barnelitteratur. Han kom frå eit ressurssterkt gardsmiljø, viste tidleg talent for skriving, men var heile sitt korte liv ramma av sjukdom. Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først som 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv.
Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei fremste realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paa sjølstyr og Det store nashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorskintellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17.de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose.

Flere opplysninger

Antall sider
637 s.
ISBN
978-82-521-6208-0 (ib.) : Nkr 399.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Lokalsamling Ledig