Staurberaren : Per Borten
Bok
Ledig

Staurberaren Per Borten

Staurberaren : Per Borten
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2007

Beskrivelse

I 1965 blei Per Borten (1913 - 2005) statsminister i ei koalisjonsregjering av dei fire borgarlege partia som endeleg gjorde slutt på Arbeiderpartiet sitt styringshegemoni siden 1945. Det var ein krevjande posisjon som Borten mellom anna brukte til å få innført offentleg innsyn i forvaltinga, til å sikre staten aksjemajoriteten i Norsk Hydro og til endeleg å få retta opp noe av den uretten som krigsseglarane hadde lidi etter andre verdskrigen. Men stillinga hans blei meir og meir umulig etter kvart som spørsmålet om norsk medlemsksap i EEC (nå EU) pressa seg på.

Tittelen på denne boka «Staurberaren», viser til fråsegna frå Borten da han i mars 1971 gikk av som statsminister. Å leie ei koalisjonsregjering av fire parti var som å bera staur. Regjeringa Borten gikk av etter ei lekkasjesak som har vori omgitt av mystikk. I denne boka, som i tilegg til Berntsens kvalifikasjonar som historikar og forfattar bygger på inngående samtaler med Borten sjølv og på grundig studium av det private arkivet hans, får vi biografien over ein av dei mest folkekjære politikarane i Norge i andre halvparten av 1900-talet, frå oppveksten på Borten-garden og den framgangsrike karrieren fram til avløysinga av Einar Gerhardsen som statsminister i 1965, til det dramatiske samanbrottet i 1971 og til ein meir og meir kritisk reflekterande alderdom - mellom anna når det galdt utanriks- og tryggningspolitiske spørsmål og spørsmål om politisk overvaking og registrering.

Flere opplysninger

Antall sider
605 s.
ISBN
978-82-03-22885-8 (ib.) : Nkr 449.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig
Tofte Voksenavdelingen biografier Ledig