Einar Førde : ein biografi
Bok
Ledig

Einar Førde ein biografi

Einar Førde : ein biografi
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2007

Beskrivelse

EINAR FØRDE
Dyktig strateg og enfant terrible

EINAR FØRDE (1943-2004) var ein av de skarpaste politikarane i norsk etterkrigstid, og samtidig ein av dei mest fargerike. Med sitt gnistrande intellekt blei han ein viktig ideolog og strateg i utforminga av det moderne norske sosialdemokratiet, alltid klarsynt og med ein treffande replikk i debattar og på talarstolen. «Eg har den pervesjonen at eg likar strid», sa Førde om seg sjølv. Han var ein frittalande og opposisjonell politikar som elska meiningsbrytinga, men som samtidig var trygt tilpassa dei samanhengane han sto i.

I denne biografien gir Tor Obrestad eit inngåande portrett av Einar Førde og miljøet og samtida han var ein del av. Fra oppvekst i bedehusmiljøet i Høyanger føljer vi Førde gjennom landsgymnasår, karriere i friidretten, studietid og åra på Stortinget, og seinare NRK. EF-striden, perioden som kyrke- og undervisningsminister med kyrkjekampane på 1980-talet får grundig omtale, likeins blir rolla til Førde i aust-vest-politikken drøfta. Obrestad syner korleis Førde blei ein viktig tenkjar for kultur-, utdannings- og mediepolitikken, med sans både for dei store politiske linjene og dei uvesentlige detaljane i livet - alltid omgitt av ein aura av glede, galskap og ironi.

Flere opplysninger

Antall sider
243 s.
ISBN
978-82-521-6972-0 (ib.) : Nkr 349.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig