Rom ved havet, rom i byen
Lydbok
Ledig

Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2007
Sjanger:
Fortellinger

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

Sjølv elska eg å gå rundt i nabolaget om kvelden og sjå inn i dei opplyste romma, prøve å tenke meg kven folk var, kva dei snakka og krangla om. Eg lurte på kva folk sa etter at dei hadde kikka inn vindauget hos oss. Sa dei noko i det heile? Brydde dei seg? Sikkert ikkje. Dette var bare eitt av mange millionar rom i denne byen. Eit rom med sine bilde og bokhyller, lukter og lydar, med sine dører og bord som var nødvendige for å leve. Endå eit rom med ein mann og ei kvinne omgitt av stille.

Inspirert av ti måleri av Edward Hopper, har Frode Grytten kikka inn i rom der folk finn kvarandre eller går under, ti rom der folk øydelegg kvarandre eller elskar med stille kraft. Det handlar om å gå, om å bli og om å stanse rett framfor katastrofen. Det handlar om perfekte dagar, skjebnedagar og dagar som løftar eller endrar alt. På vakkert vis skildrar Grytten i denne novellesamlinga det vi allereie hadde ein mistanke om: Hjartet er ein einsam jeger.

Flere opplysninger

Medvirkende
Dale, Anders (innleser)
Osa, Liv Bernhoft (innleser)
Medium
4 kompaktplater

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Slemmestad Voksenavdelingen voksen Ledig