Veke 53 : roman
Bok

Veke 53 roman

Veke 53 : roman
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2007

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

Dei blei sitjande i bilen, og Marlene slo av lysa. Huset framfor dei såg ut som eit heilt vanleg hus, lite og kvitmåla. I det største vindauget hang det ei julestjerne.
- Så her voks eg opp, sa Georg. - Er ikkje det ein rørande tanke?
- Ein stad skal ein veksa opp, sa Marlene. - Eg kan ikkje sjå at dette skil seg nemneverdig frå andre stader.
- Nei, det er nettopp det, sa Georg.

Georg Ulveset er ein middelaldrande, fråskild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste val han har tatt i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det. Han treng å få ein ny sjanse. Det nærmar seg juleferie, og han fryktar at han blir åleine på julaftan. Før den tid er han pålagd å gå i eit middagsselskap. Dei siste vekene i året byr på mange endringar for Georg, den beste venen hans blir alvorleg sjuk, og han møter att ein stor kjærleik frå ungdommen, alt dette medan han held på den ironiske og sjølvironiske fasaden så godt han kan. Denne debutromanen er ein original, humoristisk og sår variasjon over eit kjend tema.

Flere opplysninger

Sjanger
Romaner
Antall sider
198 s.
ISBN
978-82-521-7033-7 (ib.) : Nkr 299.00
Form
Roman