Bok
Ledig
Noreg
Beskrivelse
Forlaget skriver om denne boka:
Historikaren Nils Rune Langeland har reist Noreg rundt i jakt etter folkesjela i det nye, velståande og moderne Noreg. Kven er "vi"?
Det store og tankeeggjande er at vi veit enno ikkje kven nordmennene er. Lenge trudde ein at dei var eit armodsleg folk av jamne, audmjuke, fredsæle slitarar i ein karrig natur i utkanten av den siviliserte verda. I ei fjern eller nær framtid er dei kanskje eit slags dekadent, sjølvnytande vestleg aristokrati. Eller vi glid smått om senn frå kvarandre. Kven veit kva som bur i nordmennene?
Med eit skarpt og poetisk blikk for detaljar oppdagar Langeland på nytt det som på yta er uviktige tettstader. Han får odelssonen, industriarbeidaren og den nyrike fiskaren i tale, går frimodig inn i maktbastionane åt Ap-staten og grotta åt apeguden Julius, og nærmar seg kjernen av dei norske rituala - konfirmasjonen og 17. mai-talen. I det norske ser forfattaren uventa spor etter Egypt, California, Elvis og Buddha, men òg sterke lokale kulturar, lausrivne frå resten av landet. Kva held oss saman, i dag?

Flere opplysninger
- Antall sider
- 188 s.
- ISBN
- 978-82-03-19322-4 (h.) : Nkr 249.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |