Retorikk på norsk
Beskrivelse
Den norske retorikken
Retorikken er overalt. Vi møter den i radioandaktar og skjemteblad, nyttårstalar og slagord, i filmsongar og stortingsproposisjonar. Den som talar eller skriv offentleg, kjem ingen veg utan dei tale- og tenkjemåtane som er blitt utvikla i retorikken over meir enn 2000 år. Mest all språkbruk er altså retorikk. Dårleg retorikk er demagogi, mens god retorikk får oss til å sjå det heile frå nye sider. Vi trur vi veit kva det er vi ser på fjernsyn eller les på trykk eller høyrer frå talarstolen. Men med talrike og underhaldande døme viser forfattaren typiske, spennande og uventa trekk ved kvardagens norske retorikk. Dei mange enkeltanalysane varierer i form frå korte, polemiske kronikkar til personlege essay og leksikalske artiklar.
Kunnskap er moro, skriv Ottar Grepstad, og riv ned mange mytar om den velsigna skriftkulturen. Innleiingskapitlet gir ei klargierande innføring i gammal og ny tenking om retorikk, og skisserer den munnlege retorikkens historie i Noreg.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 313 s.
- ISBN
- 8252131255 (h.) : Nkr 212.00 : Nkr.
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |