Ambrosia Tønnesen : stenhugger i det fine : ein biografi
Bok
Ledig

Ambrosia Tønnesen stenhugger i det fine : ein biografi

Ambrosia Tønnesen : stenhugger i det fine : ein biografi
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2009

Beskrivelse

Ambrosia Tønnesen (1895-1948) var ein uvanleg person med eit tilsvarande uvanleg yrke. Å hogga skulpturar i marmor var ikkje rekna som passande arbeid for ei kvinne av borgarskapet, men likevel braut Ambrosia opp frå ei sikker stilling som lærarinne i Norge for å leva som kunstnar i København, Berlin og Paris. Ho blei oppfatta som myndig og mannhaftig, men denne veremåten stod ikkje i vegen for kunstnarleg suksess. Ho mangla aldri oppdrag, utstilte jamleg på Salongen i Paris og blei den første kvinnelege bildehoggaren i Norge. Privatlivet delte ho med hjartevenninna Mary.

I denne boka drøftar Jorunn Veiteberg korleis ei kvinne med Ambrosia Tønnesen sin bakgrunn kunne oppnå ein slik posisjon. Kva fekk henne til å bryta med konvensjonane som galdt for hennar kjønn og klasse, og kvifor valde ho ei for kvinner så uvanleg kunstgrein som skulptur? Gjennom eit breitt kulturhistorisk perspektiv gir boka svar som gjer den aktuell for alle som er opptatt av kvinnehistorie og dei som er interessert i vilkåra for kunstskaping på slutten av 1800-talet.

Flere opplysninger

Antall sider
250 s.
ISBN
978-82-530-3226-9 (ib.) : Nkr 399.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig