Troll i ord
Bok
Ledig

Troll i ord

Troll i ord
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2009

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:
Det vekte åtgaum då Asbjørn Aarnes - einsynt brukar av riksmålet, mangeårig preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur - gav ut ei samling epistlar på ramaste nynorsk. Ein spurde seg: Har noko hendt han? Har han skift side, eller har han gått i barndomen? Sjølv har han skildra det som at det gjekk hol på ei tunne. I nynorsken fann han røyster til heimekjende og framande aktørar. No er tunna tom. Ferda har gått frå logoskulturen i sudlanda til det tagale nord. Sidan sist har Aarnes skrive ei bok om Snorre Sturlason og den norrøne kjensla. I denne andre samlinga med epistlar er det norske innslaget større, og me kjem nærare eit svar på den språklege gåta: Det er i det som skil seg ut og som set grenser, at dei to måla våre har si grunngjeving. I den førre boka vart det spurt om Aarnes hadde vorte bergteken eller om han var komen heim. Han har vore ingen av delane. Han har vandra i eit mål og i eit landskap som alltid har vore der.

Asbjørn Aarnes, f. 1923 i Vågbø, Nordmøre. Professor i europeisk litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo 1964-1992. Han har skrive ei lang rekkje bøker om norsk og fransk litteratur, millom andre Diktningen hos Gérard de Nerval. Hans estetikk og poesi (1957), Stadier i fransk idéliv (1998), Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum (2004) og Lyset i nord. Et Snorre-album (2008). I 2006 kom den fyrste samlinga epistlar på nynorsk, Råka av røyndom. Han har òg gjeve ut omsetjingar av fransk og tysk litteratur, millom andre Fortellinger av Franz Kafka (1985), Den filosofiske intuisjon av Henri Bergson (1989) og Underveis mot den Annen av og om Emmanuel Levinas (1998). Medredaktør av Idé og tanke 1960-1985. Redaktør av Thorleif Dahls Kulturbibliotek 1978-2001. Preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur 1967-1982.

Flere opplysninger

Antall sider
188 s.
ISBN
978-82-7990-070-2 (ib.) : Nkr 249.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig