Sverdrups ekko : parlamentariske undersøkingar : essay
Bok
Ledig

Sverdrups ekko parlamentariske undersøkingar : essay

Sverdrups ekko : parlamentariske undersøkingar : essay
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2010

Beskrivelse

Om lag 125 år etter gjennombrotet for parlamentarismen sit Morten Søberg i Dagsnytt atten-studio på Marienlyst i lag med Helga Pedersen og Erna Solberg. Debatten er meint å handla om Johan Sverdrup og makta til Stortinget under Stoltenberg-regjeringa.

Derifrå går reisa til Harvard, parlamentet på Isle of Man, kontoret til Martin Kolberg, Sametinget og heimen til senator Daniel Webster i Massachusetts. Den raude tråden er Johan Sverdrup, far til parlamentarismen. Kva inneber grunnsetninga hans "all makt i denne sal" i dag? Kva type tingmenn treng vi fleire av?

Dei parlamentariske undersøkingane munnar ut i dette: Stortinget lyt samla seg meir om lange liner, sakte tid og djupe prinsipp - all grunnlovsmakt og meir definisjonsmakt i denne sal. På Sverdrups tid drog nordmenn i flokk til USA; i dag kjem stendig fleire nordmenn frå heile verda. Eit meir "amerikansk" Noreg må byggjast på opplyst konstitusjonell grunn. Difor treng Stortinget fleire heilstøypte tingmenn som evnar å gje det Sverdrup kalla "en sandere Forstaaelse af vor frie Forfatning".

Flere opplysninger

Antall sider
109 s.
ISBN
978-82-521-7650-6 (ib.) : Nkr 299.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig