Demokrati eller islamisme Europa under islam?
Beskrivelse
Hallgrim Bergs bok Amerikabrevet: Europa i fare utløyste i 2007 årets heftigaste mediedebatt i Noreg. Han åtvara mot det militante og imperialistiske islam, og hevda at Europa snart vil få økonomiske, politiske og kulturelle problem med press frå den store muslimske innvandringa, asylindustrien, høge fødselstal, og utnytting av toleransen i demokratiet og velferdsstaten.
Islamifiseringa gir seg stadig nye uttrykk. Radikal islam kom hausten 2012 til overflata også i Noreg. Norske interesser blir utfordra av aggressive islamistar. Ute i verda aukar talet på dødbringande islamistiske terroraksjonar kvar einaste veke. Menneskerettar og minoritetar er lite verdt i land der islam har fått fotfeste og fleirtal.
Islam er «nær» kristendomen, men likevel uendeleg fjern. Kva då med Gud og Allah – kan dei vera den same?
Europa er i kneståande, forvirra og utan eit samlande formål. Redselen for islamsk press vinn fram. Det frie ordet tapar. Demokratiet lir. Hallgrim Berg seier – som sosialdemokraten Tony Blair – at me må reise oss, stå klarare fram for vår eigen kultur, ikkje lenger snu kappa etter vinden og lure oss sjølve med einvegstoleranse.
Hallgrim Berg leverer her eit kraftfullt vitnemål for demokratiet, menneskerettane og vår vesterlandske kultur – inklusive kristendomen og mirakelet Israel. Han viser kvifor og korleis ytringsfridomen er det avgjerande elementet i den kulturkampen som no byggjer seg opp.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 333 s.
- ISBN
- 978-82-476-0403-8 (ib.) : Nkr 298.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Utlånt til 16.12.2024 |