Høgtider og minnedagar
Bok
Ledig

Høgtider og minnedagar

Høgtider og minnedagar
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1985

Beskrivelse

Denne boka om merkedagar i året og livet er eigentleg todelt. I den delen som tek for seg året, får vi høyre om tidlegare tiders førebuing til dei store høgtidene, og om langvarig feiring. Frå gammalt reknar vi med tre store årshøgtider, jul, påske og pinse. Men det er også andre minnedagar med religiøs bakgrunn. Jonsok og olsok feirer vi den dag i dag. Seinare har andre merkedagar og festdagar kome til, med ulik bakgrunn. Nasjonaldagen vår, den 17. mai, er ein av dei.

I den andre hovuddelen, om livshøgtidene, er det markeringa av dei tre store hendingane i menneskelivet, fødsel, giftarmål og død, som har fått størst rom.

Det har jamt vore sterke kulturhistoriske innslag i feiring og markering av minnedagar, og Olav Bø følgjer tradisjonane frå gammal tid fram til dagens situasjon. Sikkane kan vere ulike frå bygd til by og frå grend til grend, og gjennom hundreåra har feiringa ofte skift karakter. Men trass i at enkelte nye festformer har fortrengt gamle, må ein seie at markeringa av merkedagar både i året og livet står like sentralt i dag som i tidlegare tider. "Høgtider og minnedagar" er interessant lesnad og eit nyttig oversyn over våre allmene merkedagar.

Boka er gjennomillustrert med gamle og nye bilete i svart/kvitt og fargar.

Flere opplysninger

Antall sider
287 s.
ISBN
8252126146, Nkr 238.00, (ib.)

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig