Trollmakter og godvette : overnaturlege vesen i norsk folketru
Bok
Ledig

Trollmakter og godvette overnaturlege vesen i norsk folketru

Trollmakter og godvette : overnaturlege vesen i norsk folketru
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1987

Beskrivelse

Gjennom eventyr, segner og annan tradisjon har folk flest fått kjennskap til visse skapnader i norsk folketru. Vi synest vi kjenner både trollet og huldra godt. Vi har eit inntrykk av korleis dei ser ut, kva slags eigenskapar dei har og kva vi kan vente oss av dei. Også nisse og nøkk har vi ein viss kjennskap til. Men kven har høyrt om margygra, gardvorden eller kvernknurren?

I denne boka har Olav Bø samla tradisjon og opplysningar om både godvette og trollmakter. Dei har eksistert i folkefantasien i uminnelege tider, og her får vi høyre om opphav og om likskap med tilsvarande skapnader i andre land.

Kjende biletkunstnarar har vore opptekne av desse overnaturlege skapnadene og har så å seie gjeve dei kjøt og blod i sine illustrasjonar. Mangt eit vette har fått utsjånaden fastlagd av ein kunstnar med evne til innlevning i norsk tradisjon og folketru. Eit rikt utval av desse illustrasjonane er teke med i denne boka.

Flere opplysninger

Antall sider
172 s.
ISBN
8252129234 (ib.) : Nkr. 248.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig