Trans-Sovjet ekspress gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar
Beskrivelse
I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopias og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særeigen arv framleis med oss, rett over grensa til Russland, som minne om draumen om eit anna samfunn.
Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til det store nabolandet vårt i aust.
Boka er rikt illustrert.
KJARTAN FLØGSTAD har skrive over tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han studerte opprinneleg arkitektur ved NTH, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap. Han har mellom anna fått Nordisk Råds litteraturpris, Aschehougprisen, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen.
Flere opplysninger
- Sjanger
- Reiseskildringer
- Antall sider
- 383 s.
- ISBN
- 978-82-419-1213-9 (ib.) : Nkr 399.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig | |
Asker | Voksenavdelingen | Utlånt til 12.02.2025 | |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Ledig |