Bygda i den nye verda dei norsk-amerikanske bygdelaga
Beskrivelse
Dette er boka om det organisasjonsapparatet dei utflytte nordmennene bygde opp i det nye fedrelandet sitt eit apparat som skulle minna dei om heimlandet og halda kontakten heimover. Slik vart USA fullt av Trønderlag og Telelag, Solørlag og Rogalandslag.
Laga hadde si tid, og forfattaren greier ut om startfasen og bakgrunnen. Vidare følgjer han vokster og indre konfliktar fram til høgdepunktet i soga deira, før siste krigen. Så kom nedgangen som har halde fram til no. Grorbotnen var der ikkje lenger, det var for lenge sidan utvandringa, veteranane døydde ut etter kvart.
Dette er eit stykke norsk og amerikansk historie, vove i kvarandre, der den norske tråden vert veikare og veikare, og heile veven vert meir og meir reint amerikansk.
Boka er eit populært verk. som byggjer på ei vitskapleg avhandling som tidlegare er komen i USA.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 130 s.,[1] bl.
- ISBN
- 8252107281 (h.) : Nkr. 34.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |