Eg har sett jaguaren : latinamerikanske historier : dokumentar
Bok
Ledig

Eg har sett jaguaren latinamerikanske historier : dokumentar

Eg har sett jaguaren : latinamerikanske historier : dokumentar
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2018

Beskrivelse

Frå 1960-talet og fram til i dag har ordet forsvinne skapt politiske avgrunnar og personlege tragediar på det latinamerikanske kontinentet. Som NRK-journalist har Sigrun Slapgard fortalt om menneske i sentrum av dramatiske hendingar. Menneske som står opp mot overmakta, som risikerer livet for å få til endring.

Sigrun Slapgard tar oss med på reisene sine; til El Salvador, der koder og forkledning er kvardagen for Slapgard sine kontaktar, men også døden, inn i den colombianske jungelen for å møte FARC-geriljaen i den nye, skjøre fredstida; og til Buenos Aires, der bestemødrer no opplever underet med at bortførte barnebarn kan dukke opp igjen tretti år etter militærdiktaturet.

Dette er historier som aldri har sleppt tak i Slapgard, og som har blitt del av hennar eige liv. Ei sterk og personleg bok om mot og kraft, lys og mørke.

SIGRUN SLAPGARD er forfattar og journalist. Ho har lang fartstid som utanriksreporter, og har dekka Latin-Amerika sidan 1980-talet.

Flere opplysninger

Antall sider
310 s.
ISBN
978-82-521-8751-9 (ib.) : Nkr 379.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig