Hyttebok frå helvete
Beskrivelse
Are Kalvø vaks opp midt i sjølvaste postkort-Noreg, omgitt av fjordar og fjell. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har ikkje vore eit problem. Før no.
Kalvø har begynt å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, har plutselig begynt å gå i fjellet og legge ut bilde av skispor. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, legg Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer.
Are Kalvø har laga musikal, revy, ein opera, drive med standup, og skrive storseljande humorbøker som Harry, Bibelen 2, Syden, Våre venner kinesarane og Ny grunnlov. Dei fleste av desse bøkene handlar om ting han ikkje har greie på. Dette er første gongen han skriv om noko han ikkje forstår. Are Kalvø er trulig det einaste mennesket i verda som har latt seg avbilde på Preikestolen utan å strekke armane mot himmelen.
Flere opplysninger
- Antall sider
- 327 s.
- ISBN
- 978-82-489-2204-9 (ib.) : Nkr 379.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | humor | Ledig |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |
Asker | Voksenavdelingen | humor | Utlånt til 22.11.2024 |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Ledig |