Frosken
Beskrivelse
Heilt frå eg var liten gut fortalde pappa eventyr til meg. Små eventyr som brått tok slutt. Pappa hadde aldri sett ein einaste farge. Likevel fortalde han eventyr som var fulle av fargar og sprell. Med fingertuppane i bekken kunne han til og med kjenne fargen på havet!
Det var ein gong ein liten grøn frosk som nettopp hadde vore rumpetroll. Hit og dit i søledammen hadde han sprella saman med hundrevis av andre rumpetroll. Men så ein dag var halen borte! Korleis hadde det gått til? Og korleis skulle han overleve no? -Halen min, halen min! sutra den vesle frosken. Men så oppdaga han at han hadde fått både armar og bein. Guk, guk! Han kunne sømje mykje fortare enn før. Han kunne til og med hoppe opp på land og rope: Guk guk!
Frosken er ein nyskapning blant bildebøker ; to forteljingar som på merkeleg vis flettar seg inn i kvarandre. Den eine forteljinga handlar om ein far og ein son, den andre om ein nyfiken frosk. Gry Moursund sine kraftfulle og uredde illustrasjonar forsterkar det leikande i teksten.
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Moursund, Gry, (illustratør)
- Sjanger
- Bildebøker
- Passer for
- Fra 3 til 11 år
- Antall sider
- [30] s.
- ISBN
- 82-05-31085-8 (ib.) : Nkr. 249.00
- Form
- Billedbok
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Slemmestad | Barneavdelingen | magasin | Ledig |