Dikt i samling
Bok
Ledig

Dikt i samling

Dikt i samling
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1977

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:
Denne boka inneheld dikt frå dei sju diktsamlingane til Halldis Moren Vesaas og ein del dikt som ikkje har kome ut i bokform tidlegare. Halldis Moren Vesaas debuterte i 1929 med diktsamlinga Harpe og dolk, som viser det nære forholdet forfattaren har til livet og jorda, og den sterke kjensla av det å vere kvinne. Året etter kom ei ny diktsamling, Morgonen, men med Strender (1933) står ho fram som ein verkeleg mogen lyrikar.
Særleg i kjærleiksdikta viser ho ei intens livsoppleving, ein meir mogen refleksjon. Også i samlinga Lykkelege hender (1936) er kjærleiksmotivet det sentrale, særleg kjærleiken mellom mor og barn, men i tillegg til dei sentrallyriske dikta finn ein dikt frå barneåra og frå bygdelivet. Tung tids tale (1945) inneheld dikt som vart skrivne under krigen. Dei skildrar korleis krigen påverkar menneskesinna og kvardagen til menneska, korleis hatet bryt fram, men og korleis kjensla av samhald og kameratskap spring fram av undertrykkinga.
I dei neste to diktsamlingane, i Treet (1947) og særleg i I ein annan skog (1955) kjem det inn mørkare tonar, med dikt om smerte og uro, vanmaktskjensle og død, men også her er kjærleiken til medmennesket det sentrale temaet. Fødsel, liv, vekst og død vert hos Halldis Moren Vesaas ofte sett i sammenheng med ætta og annan fellesskap. Ho skriv intenst og kjenslevart om det å leva og om å ha "alt det dei levande eig".

Flere opplysninger

Sjanger
Dikt
Antall sider
207 s.
ISBN
82-03-09224-1 : n.kr.49,00
Form
Dikt

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Tofte Voksenavdelingen Dikt Ledig