Bibelens kvinner : historiene som forma verda
Bok
Ledig

Bibelens kvinner historiene som forma verda

Bibelens kvinner : historiene som forma verda
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2020

Beskrivelse

Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Her har dei hovudrollene.

Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner. Dronning Ester frelser folket sitt ved å invitere kongen på fest. Den prostituerte Rahab bergar livet ved å fire spioner ut av vindauget. Jael tar livet av ein hærførar ved å køyre ein teltplug igjennom tinningen hans.

I alt finst det fleire hundre kvinner i bøkenes bok. Dei er mødrer, døtrer og søstrer. Dei er profetkvinner og heksekvinner, gudfryktige kvinner og skruppellause kvinner, kvinner som sigrar i krig, og kvinner som skaper fred. Dei er damer som set foten ned.

Bibelens kvinner. Historiene som forma verda er ei kunnskapsrik, lettlesen og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho viser oss korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete - av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekke språk. I 2017 gav han ut Røff guide til Bibelen.

Flere opplysninger

Antall sider
446 sider
ISBN
978-82-340-0190-1 (innbundet) : Nkr 399.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig
Midtbygda Voksenavdelingen Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig
Tofte Voksenavdelingen Ledig