Bok
Ledig
Framom døden
Beskrivelse
På nokre få veker i starten av 1930-åra skreiv Faulkner den modernistiske romanen 'Framom døden' som reknast som eit av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret. Boka handlar om familien Bundren der mora, Addie, ligg på dødsleiet. Vi følgjer familien på den lange reisa frå mora døyr til dei får gravlagt henne. Det tek heile ti smertefulle dagar. Faulkners bøker frå 30-åra er prega av medvitsstraum, ein fri straum av tankar og førestillingar, assosiasjonar, inntrykk og kjensler hos menneske. I 'Framom døden' kjem dette fram i eit vell av stemmer som avslører karakterane sine brestar og egosentriske motiv. Bak den velordna sørstatsfasaden skjuler det seg heslege skuggesider. Forlaget presenterer SKALD som: klassikarar i ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Omtalen er utarbeidd av BS.. Nynorsk tekst
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Faulkner, William ()
- Nesbø, Sivert N. ()
- Sjanger
- Romaner
- Antall sider
- 257 sider
- ISBN
- 9788279593331 (innbundet) : Nkr 279.00
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig | |
Asker | Voksenavdelingen | Ledig | |
saev | Sætre bibliotek, Voksenavd | Ledig | |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Ledig |