Einars bok
Bok
Ledig

Einars bok

Einars bok
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2021

Beskrivelse

EINAR VAR EIT BARN som fryda seg over å oppdage verda. Han elska å gøyme seg i hyller, rulle i graset, bygge tårn og ake på madrass ned trappa. Han kunne gå kor langt som helst, om foreldra heldt han i handa. For sleppte dei taket, datt han.

Rett før Einar fylte to, fekk familien ein beskjed som øydela mange draumar: Einar hadde ein sjeldan og alvorleg nervesjukdom. Gradvis ville han miste alt. Dette er ei historie om korleis det er å bere eit barn gjennom det aller vanskelegaste. Det handlar om korleis vi møter døden, men også om dyrebare dagar og alt det uendeleg fine eit liv på fire og eit halvt år og éin dag kan innehalde.

Det er ei forteljing om Einars liv, men også om alle rundt han. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med stemmene til blant andre, Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire i ei rekkje refleksjonar over kva det vil seie å elske og miste.

KATRINE SELE (f. 1972) er forfattar og journalist. Ho er busett i Jølster og arbeider som kommunikasjonsrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet.

Flere opplysninger

Sjanger
Biografier
Antall sider
228 sider
ISBN
9788234002847 (innbundet) : Nkr 349.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen Ledig
Heggedal Voksenavdelingen Ledig
Midtbygda Voksenavdelingen Ledig
saev Sætre bibliotek, Voksenavd Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig
Tofte Voksenavdelingen Ledig