Fire store : Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam
Bok
Ledig

Fire store Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam

Fire store : Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa, Marie Takvam
Språk:
nynorsk
Utgitt:
2022

Beskrivelse

I denne boka tek Jan Inge Sørbø for seg fire unike forfattarar og viser kvifor dei godt kan lesast i dag.

MARIE TAKVAM skreiv dikt som framleis riv i lesaren. Ho var ein litterær pioner, men tabloidpressa reduserte bøkene hennar til biografiske skandalar.

HULDA GARBORG er kjent for si organisatoriske kraft, men mindre kjent for sine ambisiøse romanar og eksperimentelle drama, som ho skreiv ved sida av å ta seg av ein depressiv ektemann og heile det nynorske teaterlivet.

GRO HOLM skreiv sterke romanar om overgangen frå bonde- til industrisamfunn i Odda 40 år før Kjartan Fløgstad, ofte med eit kvinneperspektiv.

ASLAUG VAA, som gav ut bøker frå 1930-talet og framover, vart lenge omtala som ein lokal telemarksforfattar. Sørbø viser korleis ho stod i dialog med leiande intellektuelle rørsler i Europa gjennom heile forfattarskapet.

Kva er det som gjer at desse kvinnene ikkje blir lesne på eigne premissar, men i stor grad ut frå kjønnet sitt? Sørbø viser korleis meldarar og litteraturhistorikarar hevdar dei berre ser på kvalitet, og slik usynleggjer tematiseringa av kjønnsroller i bøkene. På den andre sida blir kjønnsdimensjonen gjort total ved at ein ser berre kvinneproblem i litteratur av kvinner. Det er tid for nylesing.

Flere opplysninger

Medvirkende
Sørbø, Jan Inge ()
Sjanger
Biografier
Antall sider
251 sider
ISBN
9788234007545 (innbundet) : Nkr 399.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen Ledig
Asker Voksenavdelingen Ledig
Heggedal Voksenavdelingen Ledig
Midtbygda Voksenavdelingen Ledig
saev Sætre bibliotek, Voksenavd Ledig
Slemmestad Voksenavdelingen Ledig
Tofte Voksenavdelingen Ledig