Bok
Ledig
Swanns kjærleik
Beskrivelse
Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871-1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman «På sporet av den tapte tid», som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie. Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: «Swanns kjærleik», som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.. Nynorsk tekst
Flere opplysninger
- Medvirkende
- Proust, Marcel ()
- Vikingstad, Margunn ()
- Sjanger
- Romaner
- Antall sider
- 306 sider
- ISBN
- 9788279593652 (heftet) : Nkr 299.00
- Form
- Roman
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |
Asker | Voksenavdelingen | Utlånt til 09.12.2024 | |
saev | Sætre bibliotek, Voksenavd | Ledig | |
Slemmestad | Voksenavdelingen | Ledig |