Ivar Aasens kropp
Bok
Ledig

Ivar Aasens kropp

Ivar Aasens kropp
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1996

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

I denne boka stiller Stephen J. Walton to spørsmål: kva gjorde Ivar Aasen, og korfor gjorde han det?

Ivar Aasens kropp er forteljinga om Aasens liv, men boka er ingen vanleg biografi med ein ubroten gang frå vogga og fram til grava. Her vert Aasen framstilt som kropp, ikkje som ånda som sviv over dei norske målvatna. Aasen, som i biletkunsten og skrønelitteraturen aldri vert framstilt som yngre enn seksti år.
Aasens føter førte han fram over landskapet og oppover i samfunnet. Knea bøygde seg for det uavvendeliege. Penisen fører beint inn i kjærleikslivet, og mytemakeriet omkring Aasens påståtte kjønnsliv. Navlen batt Aasen til dei sentrale samanhengane i livet med ein usynleg navlestreng. Moroa og den gode latteren går ut frå magen. Hjartet til Aasen slo fram til dødsdagen for 100 år sidan. Med armane arbeide Aasen, først med jorda, så med orda, og med fingrane talde han pengane han fekk for strevet. Munnen song han med, i dikt og viser. Og med augo såg han inn i verda, og verda såg inn i han. Då fann ein ut at Aasen var eit geni, kva ein no meinte med det.
Walton tek her eit oppgjer med biografigenren, og freistar seg på ein annleis måte å fortelja om eit liv på. Men teorien legg seg ikkje mellom lesaren og Aasen. Her står den umåteleg produktive og fremsynte vitskapsmannen fram, samfunnsrefsaren og satirikaren, den pikareske helten og opportunisten Aasen, dette misforståtte renessansemennesket som omkalfatra norsk kulturhistorie og snudde opp ned på alle førestellingar om kva som var høgt og kva som var lågt.

Flere opplysninger

Antall sider
798 s.
ISBN
82-521-4531-0 (ib.) : Nkr 485.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig