"Høstet på himlens skråninger" : sju essay om Arnold Eidslott
Bok
Ledig

"Høstet på himlens skråninger" sju essay om Arnold Eidslott

"Høstet på himlens skråninger" : sju essay om Arnold Eidslott
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1996

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

Poeten Arnold Eidslott fylte 70 dette året. Han debUterte i 1953 og har publisert nitten diktsamlingar. Han plasserer seg saman med andre sentrale femtitals-modernistar som Gunvor Hofmo og Paal Brekke, men har ei tydelegare religiøs forankring.
«Høstet på himlens skråninger» er ei essaysamling som tek opp og utdjupar sentrale tema som Eidslott har skreve om gjennom fire tiår. Sentralt står innlevinga i lidingsaspektet, som er ein grunntone i denne forfattarskapen. Dette omfattar også ei utforsking av det melankolske, og det reiser det gamle spørsmålet om Gud og det vonde.
Reaksjonen mot krigen og dens redsler er eit anna tema som har prega Eidslotts dikt heilt frå første stund. Det finst også ein refleksjon over kva som kan formulerast i språk, og kvar grensene for språket går. Eidslott har ein interessant tidsanalyse; den sterke kjensla av forgjengelegdom blir balansert både av ei liturgisk, fylt tid og av ei apokalyptisk kjensle av den ytterste tid.
Eidslott er ein poet som har levd eit stillferdig og anonymt liv. Det oppsiktsvekkjande ved han er først og fremst dikta han har levert, som på sitt beste skriv seg inn i det ypperste i norsk lyrikk.
Jan Inge Sørbø (f.1954) er kulturjournalist og forfattar, og underviser i norsk ved Høgskulen i Volda.

Flere opplysninger

Antall sider
104 s.
ISBN
82-05-24366-2 (h.) : Nkr 188.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig