Bok
Ledig

Jostedalsbreen

Språk:
flerspråklig
Utgitt:
1996

Beskrivelse

Fra forordet:

Hausten 1994 vart eg spurd om å skrive ei bok om Jostedalsbreen. Underleg nok fanst det inga bok som gav ei samla framstelling av breen, ei bok som femnde om både naturfaglege sider, kulturhistorie og friluftsliv. Ei nemnd, der ulike kommunar rundt breen var representerte, hadde derfor teke på seg å få til eit slikt bokprosjekt. Nemnda var samansett av Leiv Blakset, Kåre Øvregård, Anders Åa. Mundal, Stig Aaboen og Martin Lilleheim (sekretær).

Eg skal vedgå at eg tende ikkje heilt på ideen med det same. Fortrengde timar med pugg frå skuletida dukka fram i minnet - U-dalar og morenar, trias, jura, krit... Men etter kvart som eg tok til å snuse på stoffet, oppdaga eg at det ikkje var så tørt og keisamt som eg hadde trudd. Tvert om var det interessant å få eit gløtt inn i historia om korleis landskapet vi lever i er blitt forma, og korleis breen reagerer på skiftande klimatiske forhold. Ikkje minst er det spennande at nettopp i vår tid veks breen raskare enn han har gjort mest nokon gong etter den siste istida.

Men soga om Jostedalsbreen er noko langt meir ei skildring av is og bre, av fjord og fjell. Først og fremst er det ei forteljing om menneske i samspel med naturen og om menneske i kamp mot naturkreftene. Breen har gjeve bygdene liv - vatn, jord og næring - og han har teke liv, av folk og krøter, knust hus og heim og gjort åker og eng til grandar av grus og stein. Han har bore vandrande brefolk og fjellfolk godsleg på sin rygg og gjeve dei opplevingar dei aldri kunne gløyme. ...

Flere opplysninger

Medvirkende
Ringen, Terje (fotograf)
Antall sider
256 s.
ISBN
8252146279 (ib.) : Nkr 347.60

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Voksenavdelingen magasin Ledig