Bok
Ledig
Skrifter i samling
av
Aasen, Ivar
Beskrivelse
Forlaget skriver om denne boka:
Ivar Aasen er far åt det nynorske målet, og gjennom det er han framleis ei levande kraft i norsk kultur- og samfunnsliv. Den skjønnlitterære diktinga av songar og lyriske dikt om natur, land og folk og menneskeliv, med vare klangar og kloke råd for livet, gjev enno glede, kveik og maning til ung og gammal. Men han skreiv òg prosa, og ikkje berre grammatikkar og ordbøker. Utvalet i Skrifter i samling gjev eit bilete av det fagmannen Ivar Aasen gjorde. Det syner heilskapen i arbeidet hans, og særskilt korleis han fall inn i tida og prøvde å verke på samfunnsutviklinga. Fordi Ivar Aasen var ei verksam kraft i utbygginga av norsk kultur og sosialstruktur på 1800-talet, gjev livssoga hans eit viktig tilskot til forståing av den nære fortida vår. Det er all grunn til å halde mannen og verket levande for nye ætter av nordmenn. Det må mellom anna gjerast ved at det kjem nye utgaver av det han skreiv. Denne tredje utgåva av Skrifter i samling, som kjem hundre år etter han døydde, knyter sambandet til den fyrste utgåva, som kom om lag hundre år etter han var fødd.

Flere opplysninger
- Antall sider
- 404 s.
- ISBN
- 82-05-24464-2 (ib.) : Nkr 198.00
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |