Det litterære skattkammer sakprosaens teori og retorikk
Beskrivelse
Ei altomfattande innføring i sakprosaens vesen og ei forteljing, om viktige bøker i norsk sakprosahistorie - alt i same boka. Ingen har skrive ei slik bok før. Ikkje i Noreg, ikkje i noko anna land.
Med eit sikkert grep om store mengder faglitteratur frå mange land vandrar Ottar Grepstad mellom retorikk, historie, samfunnsfag og litteraturvitskap. Grepstad ordnar og sorterer, presenterer og drøftar, og tenkjer nytt der tankegangar knapt finst. Belagt med talrike døme frå enkelttekstar og forfattarskapar munnar resonnementa ut i ein retorisk teori om sakprosa.
Side om side med den tematiske framstillinga står ein krønike over norsk sakprosa, med spennande og perspektivrikomtak av 259 titIar. Forfattaren presenterer ei bokfor kvart år mellom 1737 og 1996. Bøkene som bar bod om noko nytt, skriftene som fekk følgjer, forfattarane som blei gløymde. Lesaren kan gå inn i denne historia om norsk sakprosa kvar som heist, når som heist. Det er ei historie full av overraskingar.
Forfattaren bruker forskarens verktøy, men ikkje forskarens skrivemåte. Dokumentasjonen er nøyaktig og etterretteleg, framstillinga lettlesen og entusiastisk, aldri tyngd av unødig teoretisk jåleri. Dermed blir det rom for både dei mange atterhaida og den absolutte sentensen.
Eit skattkammer av ei bok.
Flere opplysninger
- Sjanger
- Lærebøker
- Antall sider
- 624 s.
- ISBN
- 82-521-4644-9 (ib.) : Nkr 438.00
- Form
- Lærebok, brevkurs
Eksemplarer til utlån
Bibliotek | Avdeling | Plassering | Status |
---|---|---|---|
Asker | Voksenavdelingen | Ledig | |
Asker | Voksenavdelingen | magasin | Ledig |