Hardingfela : det norske nasjonalinstrumentet
Bok
Ledig

Hardingfela det norske nasjonalinstrumentet

Hardingfela : det norske nasjonalinstrumentet
Språk:
nynorsk
Utgitt:
1997

Beskrivelse

Forlaget skriver om denne boka:

Hardingfela - Det norske nasjonalinstrumentet

Hardingfela, brura blant felene, er eit unikt instrument for Noreg. Dette vakre nasjonalinstrumentet er forma og tilpassa den norsk folkemusikken gjennom eit samliv på meir enn 350 år. Hardingfela og dei tilhøyrande aktivitetane er uttrykk for ein kulturnasjons indre skaparkraft.

I denne praktboka møtar med hardingfeletradisjonen gjennom ord, bilder og tonar. Boka gir innblikk i utviklinga av instrumentet og det levande folkemusikkmiljøet der gleda over å oppleva vakker musikk er framtredande. Me får vite korleis musikken er blitt til og får komme nærmare inn på den myteomspunne spelemannen. Og me får kjennskap til kappleikane og felemakarane.

Forfattarane Astrid Versto og Halvard Kaasa har vore aktive folkedansarar i mange år og har skrive den fargerike og interessante historien om hardingfela og miljøet der msuikkoppleving og kvalitet står i høgsetet.

Knut Bry sine stemningsfulle bilder syner hardingfela og omgivnadene på eit spennande vis og uttrykkjer saman med teksten den frodige hardingfeletradisjonen i Noreg.

Med boka følger CD'en Meisterspel, produsert av Grappa Musikkforlag. CD'en inneheld 23 kjente hardingfeleslåttar i innspilling med framståande spelemenn. Mange av slåttane er omtalt i boka, og i bokteksten er det gjeve tilvising til aktuelle CD-spor.

Flere opplysninger

Medvirkende
Bry, Knut (fotograf)
Versto, Astrid (medforfatter)
Antall sider
122 s.
ISBN
82-504-2418-2 (ib.) : Nkr 398.00

Eksemplarer til utlån

Bibliotek Avdeling Plassering Status
Asker Musikkavdelingen Ledig